"Tilskot til inkludering av barn og unge 2025» er no lyst ut

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking.

Verdensdagen for psykisk helse 10. oktober

Psykisk helse- og rusteneste, helsestasjon og frivilligsentralen markerer Verdensdagen for psykisk helse 10. oktober -24.

Nye gebyrsatsar for Sunnfjord miljøverk

Sunnfjord miljøverk har sendt ut forslag til nye gebyrsatsar på høyring. 

Temakveld om autisme 2. oktober 2024

Autismeforeininga i Sogn og Fjordane i samarbeid med skulen inviterer til temakveld om autisme i Værlandet Ungdomshus onsdag 2. oktober klokka 17.00 – 20.00.

Passbussen kjem til Askvoll

16. - 18. september 2024 er mobilt passkontor tilbake i Askvoll. 

Nye volontørar i Askvoll kommune

Askvoll - rom for eventyr!  

Eigenberedskapsveka 2024

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap inviterer også i 2024 alle innbyggjarar til å vere med på eigenberedskapsveka. Målet med veka er at innbyggjarar i Noreg skal bli betre førebudd på å klare seg sjølv i ein eventuell krise.

Kurs i Tankevirus

Er sjølvtilliten frynsete og bekymringane hyppige? Grublar du mykje? Lyst til å lære nokre teknikkar for å få det betre? Vestland fylkeskommune arrangerer Tankevirus-kurs hausten 2024.

Høyring - lokale forskrifter etter ny opplæringslov 1. august 2024

Askvoll kommune legg ut på høyring fire utkast til lokale forskrifter til ny opplæringslov som tredde i kraft 1. august 2024. Frist for å sende inn innspel er 11. oktober 2024.

Landbrukseigedom og driveplikt

Når du eig eit jordbruksareal, har du som eigar ansvar for å forvalte det godt og sørgje for at det er i drift. Driveplikta gjeld for heile eigartida til forskjell frå buplikta som gjeld i 5 år.  Har du nyleg teke over ein eigedom med jordbruksareal, må du innan eitt år avgjere om du vil drive jorda sjølv eller få andre til å drive. Dette gjeld og for arvingar i eit dødsbu.  Jorda skal haldast i hevd, og hovudregelen er at alt jordbruksareal skal haustast årleg. Bruk av beitepussar aleine er ikkje tilstrekkeleg for å oppfylle driveplikta. Eigar er ansvarleg for å ha skriftleg avtale om utleige dersom han/ho ikkje driv jorda sjølv. Kommunen kan i visse tilfelle gje fritak frå driveplikta og frå kravet om 10 år leigekontrakt.