Når du eig eit jordbruksareal, har du som eigar ansvar for å forvalte det godt og sørgje for at det er i drift. Driveplikta gjeld for heile eigartida til forskjell frå buplikta som gjeld i 5 år. Har du nyleg teke over ein eigedom med jordbruksareal, må du innan eitt år avgjere om du vil drive jorda sjølv eller få andre til å drive. Dette gjeld og for arvingar i eit dødsbu. Jorda skal haldast i hevd, og hovudregelen er at alt jordbruksareal skal haustast årleg. Bruk av beitepussar aleine er ikkje tilstrekkeleg for å oppfylle driveplikta. Eigar er ansvarleg for å ha skriftleg avtale om utleige dersom han/ho ikkje driv jorda sjølv. Kommunen kan i visse tilfelle gje fritak frå driveplikta og frå kravet om 10 år leigekontrakt.