Samlokalisering av biblioteket og frivilligsentralen

Frå 7.oktober er Askvoll Frivilligsentral samlokalisert med Askvoll bibliotek.

biblioteksjef og dagleg leiar i Askvoll frivilligsentral står saman på biblioteket - Klikk for stort bileteJune Audsdotter Stafsnes og Vlada Tsytsyurska Privat

 

Frå oktober har biblioteksjef June Audsdotter Stafsnes og dagleg leiar i Askvoll Frivilligsentral Vlada Tsytsyurska har blitt “samboerar” i gamle bankbygget.  Det gode samarbeidet blei tatt eit steg vidare, sidan begge to har same idear, visjonar og planar om å utvikle sosiale arenaer i Askvoll sentrum. 

 

 

 

Aktivitetar som no vil finne stad på biblioteket er:

  •  Møteplass måndagar og onsdagar kl10-12.
  • Tematiske kveldar, Askotek, anna kvar torsdag kl1630-1830.

 Vi samarbeidar med lokale lag og organisasjonar om utlån av lokaler.

 

 June og Vlada inviterer også til ein kopp te/kaffi, god bok og sosialt samvær, i biblioteket sine opningstider.

Vladyslava Tsytsyurska
Leiar
Askvoll frivilligsentral
E-post
Telefon 57 73 46 22
Mobil 90 84 86 27
June Audsdotter Stafsnes
Biblioteksjef
E-post
Telefon 57 73 33 34