Temakveld om autisme 2. oktober 2024

Autismeforeininga i Sogn og Fjordane i samarbeid med skulen inviterer til temakveld om autisme i Værlandet Ungdomshus onsdag 2. oktober klokka 17.00 – 20.00.

Informasjon om temakvelden:

Talet personar som vert tilvist til utgreiing og som får ein autismediagnose ser ut til å vere aukande. Det vert vanlegare at ein eller fleire elevar i ein klasse har ein autismespekterdiagnose eller at eit familiemedlem, ein ven, kollega, nabo eller nokon i omgangskretsen har diagnosen. Kva er eigentleg autisme, og kva kan samfunnet rundt - og den enkelte sjølv - gjere for at kvardagen skal verte så bra som mogeleg?

Autismeforeininga i Sogn og Fjordane i samarbeid med skulen inviterer til temakveld i Værlandet Ungdomshus onsdag den 2. oktober frå klokka 17.00 – 20.00. Tida passar slik at folk på fastlandet har høve til å komme.
Alle er hjarteleg velkomne!

Påmelding:

Meld deg på via QR-koden i vedlegget under, eller send ein sms til Linda på telefon 95773768 innan 30. september

AUTISME invitasjon til temakveld (PDF, 48 kB)