Behov for heimehjelparar i Værlandet og Bulandet

Helse- og omsorgetaten ynskjer å kome i kontakt med personar som ynskjer å vere heimehjelp.

Ved seksjon for heimetenester er det eit snarleg behov for fleire heimehjelparar i Værlandet og Bulandet. Som heimehjelp yter ein praktisk bistand til ulike typar husarbeid i private heimar, for personar som av ulike årsaker ikkje klarer dette sjølv.

Om dette er interessant for deg, eller du ynskjer å vite meir, vil vi veldig gjerne høyre frå deg. 

Lillian Vårdal
Seksjonsleiar, Heimetenester
E-post
Telefon 57 73 45 08