Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Vaksenopplæringa ved Askvoll skule tilbyr opplæring i norsk og samfunnskunnskap til innvandrarar over 18 år.

Rett og/eller plikt til opplæring

Innvandrar mellom 18 og 67 år med opphaldsløyve i Noreg kan ha rett og/eller plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Det er typen opphaldsløyve og alderen din då du fekk opphaldsløyvet som avgjer kva opplæring du har rett og/eller plikt til.

Er du usikker på kva du har rett og/eller plikt til? Ta kontakt med vaksenopplæringa eller les meir på nettsidene til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI).

 

Send søknad om opplæring i norsk og samfunnskunnskap

 

Informasjon for flyktningar frå Ukraina med kollektivt vern i Noreg

Regjeringa har innført midlertidige reglar for ukrainske flyktningar med kollektivt vern i Noreg. Ukrainske flyktningar som er busett i Askvoll har rett til norskopplæring ved Askvoll vaksenopplæring. Ta kontakt med vaksenopplæringa eller flyktningtenesta om du har spørsmål om norskopplæring for ukrainske flyktningar.

Les meir på nettsidene til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI).

Ukrainsk - Інформація про вступну програму та про вивчення норвезької мови мовою для тих, хто отримав тимчасовий колективний захист.

 

Betale for opplæring

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap er gratis for dei som har rett til slik opplæring etter Integreringslova. Dei som ikkje har rett på gratis opplæring kan søke om opplæring mot betaling. Dette gjeld til dømes borgarar frå land i EU/EØS.

Opplæringa kostar 60 kr per time (2025). Lærebøker og undervisningsmateriell kjem i tillegg.

Marius Tennøy Myklebust
Avdelingsleiar
Askvoll skule, vaksenopplæringa
E-post
Telefon 57 73 33 00
Mobil 48 12 52 72