Trampolinane er tilbake i Bøparken

Askvoll kommune kan med glede melde om at trampolinane i Bøparken no er tilbake!

Torsdag 25.06.2026 vart gjerda fjerna, og det er igjen mogleg å hoppe på trampoline i Bøparken. Det er installert to nye trampoliner som vi håpar vil skape aktivitet, glede og gode møteplassar for både små og store i mange år framover.

Dei tidlegare trampolinane i Bøparken vart raskt svært populære og vart sakna av mange då dei måtte fjernast.

Kommunen har sidan arbeidd for å få på plass ei ny løysing, og dei nye trampolinane er sertifiserte og godkjende for bruk i offentlege leike- og nærmiljøanlegg utan tilsyn.

Askvoll kommune ønskjer å rette ein stor takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som har støtta prosjektet med 100 000 kroner, og til lokale frivillige lag og organisasjonar som har vore med på å gjere prosjektet mogleg.

Vi ønskjer også å takke Kjell og Oddvar for godt arbeid med tilpassing og montering. 

Ordførar Ole André Klausen hoppar på trampoline - Klikk for stort bilete Sarah Loftheim/ Askvoll kommune

Ordførar Ole André Klausen har testa dei og kan melde om god sprett!

For at trampolinene skal vere trygge og vare lenge, ber vi alle brukarar om å vise omsyn:

  • Ta av sko før hopping.
  • Berre éin person om gongen på kvar trampoline.
  • Vis omsyn til andre brukarar og vent på tur.
  • Bruk skjer på eige ansvar.
  • Meld frå til kommunen dersom de oppdagar skadar eller feil på utstyret.


Ved å ta vare på utstyret saman kan vi sikre aktivitet og hoppeglede i Bøparken i mange år framover.