Årets turmål byr på ei god blanding av korte og enkle turar, samt nokre meir krevjande ruter. Dette er niande gong Titur blir arrangert, og turperioden varer i år frå 12. april til 12. oktober.
TiTur Dalsfjorden er eit samarbeid mellom Indre Sunnfjord turlag, turlaga i Askvoll og Fjaler, Askvoll kommune og Fjaler kommune. Dette er ein fin måte å oppdage nye turområde på, og ein aktivitet som passar godt for årstida vi går inn i.

I år har vi valt ut desse turmåla:
Askvoll
Setekletten
Storekletten
Stongsåsen
Under Blåfjellet
Rivedalskletten
Fjaler
Stavsdalen
Brendåsen
Jøtelshaugen
Nedgardsstølen
Ekrenova
Premiering
Alle som fullfører får ein premie ved innlevering av turkort til YX Dale eller YX Askvoll innan 25 oktober. I tillegg blir du med i trekninga av tre gåvekort på 1000 kr kvar!
Registrering:
For å fullføre må deltakarar under 7 år gjennomføre minst fem turar. Deltakarar opp til 13 år og over 67 år kan byte ut dei mest krevjande turmåla med lettare turmål.
Det vil vere raude postkassar med bøker du kan skrive deg inn i på toppane. Du kan og registrere deg i UT appen. Vi oppmodar om at du nyttar appen til www.ut.no for å sjå turane og registrere deg på sjølve toppen.
Ei liste over alle turmåla kan du finne på denne sida.
NB! Det er ikkje merka eller skilta sti til alle turmåla. Dei fleste rutene er beskrivne på UT.no. Då kan du kan laste ned GPS-spor. Men du må alltid førebu deg til turen og du går på eige ansvar.
Turkort:
Turkortet kan du skrive ut sjølv eller hente på Sport Dale og på YX i Askvoll (PDF, 547 kB). Turkortet må leverast på YX bensinstasjon i Askvoll eller Dale innan 25. oktober. Deltakarpremiane vert utlevert fortløpande mot innlevert, fullstendig utfylt turkort. Alle må ha kvar sitt turkort, og det kan berre leverast inn eitt kort per person.
Følg gjerne TiTur Dalsfjorden på Facebook.
God tur!