"Tilskot til inkludering av barn og unge 2025» er no lyst ut

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking.

Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.  Målgruppa for ordninga er barn og unge til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamna i utanforskap. Utanforskap handlar om å stå utanfor ulike arenaer eller fellesskap i samfunnet. Risikofaktorar for utanforskap kan vere: 

  • å vekse opp i familiar med låginntekt 
  • manglande sosialt nettverk 
  • manglande tilknyting til skule/arbeid 
  • manglande deltaking i fritidsaktivitetar  

Kven kan søkje? 

  • Offentlege instansar
  • Frivillige organisasjonar
  • Private aktører 

Frist for å søkje

  1. november 2024

Slik søkjer du

1) Sett deg inn i regelverket og informasjonen på Bufdir si nettside

2) Logg inn, fyll ut og send inn søknad i Bufdirs søknadsportal for tilskot. Frivillige organisasjonar og private aktørar skal bruke søknadsskjema. Søknaden skal knytast til ein deltakande kommune (sjå tilskotsordninga si nettside for unntak frå denne regelen). 

Etter at du har sendt søknaden

Søknader som er sende inn av andre aktørar enn kommunen sjølv blir rangerte av kommunen. 

Etter at kommunen er ferdig med rangering set Bufdir i gang med den endelege sakshandsaminga av søknadane. Det vil vere informasjon på Bufdir si nettside om forventa sakshandsamingstid.

Arve Åsnes
Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 27
Mobil 41 55 32 75