Søk driftstilskot til frivillig ungdomsklubb 2024

Askvoll kommune set av ein sum pengar til driftstilskot til frivillige ungdomsklubbar/ungdomsarbeid i kommunen. For 2024 er det kr. 35.000 til fordeling.

Kven kan søkje?

Ungdomsklubben må ha eit styre, ein leiar og ein eigen konto. Klubben må ha ein aktivitetsplan, føre enkel oversikt over aktivitetar og tal deltakarar gjennom året og rekneskap for drifta.

Aktiviteten i klubben skal vere open for alle. Eventuelle inngangbillettar/eigenandel må ikkje vere av slik storleik at nokon ekskluderast frå å vere med på grunn av økonomi.

Søknadsfrist og søknadsskjema

Søknad om driftstilskot til ungdomsklubben skal leverast elektronisk.

Søknadsskjema er no ope. Frist for å søke midlar er 17. november 2024.

Gå til søknadsskjema for driftstilskot til frivillige ungdomsklubbar

Handsaming

Askvoll ungdomsråd handsamar søknadane og fordeler tilskotet.
 

Helene Norstrand
Rådgjevar
E-post
Telefon 57 73 07 11