Samdriv - eit nytt aktivitetstilbod i psykisk helse og rus

Samdriv – eit nytt aktivitetstilbod i psykisk helse og rus i Askvoll 

I Askvoll er vi i gong med å utvikle Samdriv, eit nytt aktivitetstilbod og aktivitetssenter for psykisk helse og rus.  Vi vil ha tre faste dager i veka med aktivitetar, både på og utanfor aktivitetssenteret. 

Aktivitetssenteret ligg i andre etasje på helsehuset og skal være ein stad der ein kan komme innom for ein kopp kaffi, slå av ein prat eller bli med på kreative syslar, felles aktiviteter og læring.

Vi jobbar også med å skape eit variert aktivitetstilbod ute, med høve til mellom anna turar, klatring, kajakk, volleyball og matlaging – alt etter kva det er interesse for.

Samdriv handlar om å drive fram tilbodet i lag. Vi ynskjer at deltakarane skal være med å forme aktivitetane og skape eit fellesskap med plass til alle.

 Vi er på veg, og vi ser fram til å finne ut av dette saman! 

Velkommen innom – her er det rom for både ro og aktivitet!

Stina Daniels er leiar av aktivitetstilbodet.