Nytt bustadfelt på Høgda - seks tomter er klare for sal!

Interessentar kan ta kontakt med Askvoll kommune innan 19.01.2025.

Bustadfeltet på Høgda i Kvammen vert bygd ut i tre trinn og fyrste byggjesteg er no ferdig. 

Tomt 1, 2 3, 17, 18 og 19 er no prissett og lagt ut for sal. Interessentar vert bede om å melde frå til Askvoll kommune så snart som mogeleg og seinast innan 19.01.2025. Dersom det er fleire interessentar på same tomt vert dette avgjort med loddtrekking måndag 20. januar 2025. Etter dette tidspunktet vil ledige tomter vere tilgjengeleg til den fyrste som melder seg. 

 

Prisar og meir informasjon om tomtene og bustadfeltet ligg på oversikta over kommunen sine ledige bustdatomter

Til saman vert det regulert 19 tomter for frittliggande bustader. Tomtene ligg fritt og fint til med kort veg til toppen av Høgda og naturområda ikring. Dei seks fyrste tomtene er i storleiken 817 til 1141 m2.  Det er i føresegnene sett krav om at tomt nr 6, 7, 8, 13, 17 og 18 skal tilretteleggast for bustader med alle hovudfunksjonar på inngangsplanet.

Bygg og eigedomsavdeling
E-post
Telefon 57 73 07 00
Arve Åsnes
Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 27
Mobil 41 55 32 75