Møte for alle frivillige lag og organisasjonar

Tysdag 19. november invitererer Frivilligsentralen i Askvoll til eit møte for alle frivillige lag og organisasjonar i Askvoll.

Kva kan vi få til i lag? 

Vi ynskjer å samle representantar frå alle frivillige lag og organisasjonar til møte i biblioteket i Askvoll sentrum. 
Målet med møtet er “Kva kan vi få til i lag?”. 

Agenda 

Tilsette i Askvoll kommune vil sei litt om kva dei jobbar med som kan vere nyttig for frivilligheita, m.a. støtte- og søknadsordningar og vi får høyre litt frå nokre prosjekt rundt i bygdene. 

Vi jobbar alle for at Askvoll skal vere ein god kommune å bu i og vi ynskjer å få fram kor mykje bra som skjer i vår langstrekte kommune. 

Tema: Kva jobbar kommunen med? Kva jobbar frivilligsentralen med? Kva jobbar frivilligheita med? 

Korleis kan vi betre samarbeide med lag og organisasjonar for å skape endå meir? 

Kom og ver med

Kom og få nyttig påfyll, bidra til idèmyldring og få ein liten matbit på biblioteket tysdag 19. november 17:30 - 19:00. 

I fyrste omgang så ynskjer vi ein (to) representantar frå alle lag, organisasjonar, undergrupper. Dersom De representerer eit stort frivillig lag så kan De gjerne komme fleire. 


Fint om De vil melde dykk på til Vlada på Frivilligsentralen på telefonnr. 908 48 627. '

HUGS å invitere undergrupper i dykkar lag slik at vi vår eit breiast mogleg utval frå frivilligheita.

Vladyslava Tsytsyurska
Leiar
Askvoll frivilligsentral
E-post
Telefon 57 73 46 22
Mobil 90 84 86 27