Høyring - endring i røystekrinsar i Askvoll kommune

Valstyret har 10.02.2025 vedteke å leggje framlegg om samanslåing av Stongfjorden, Holmedal og Askvoll røystekrins til høyring.

Bakgrunn for saka

Grunna endring i vallova er det naturleg å sjå på røystekrinsane i Askvoll kommune. Nye krav til oppteljingsmåter og universell utforming gjer at administrasjonen ber politikarane sjå på røystekrinsane i kommunen, og om dei bør slåast saman.

Stongfjorden krins er ein liten røystekrins. Den nye vallova som trer i kraft med stortingsvalet 2025 har endra krav til opptellingsmåter. No skal alle røyster på valdagen tellast opp for kvar valkrins (tidlegare har Askvoll kommune telt alle røystesetlane for dei ulike røystekrinsane samla). 
Partifordeling for kvar røystekrins vert publisert på valresultat.no. Dette gjer det vanskeleg å sikre hemmeleg val i ein liten røystekrins, spesielt dersom det er få som røyster på valdagen.

Ny vallov stiller strengare krav til universell utforming, t.d at alle skal kunne kome seg inn i vallokalet utan hjelp. Det må gjerast nokre tiltak i alle vallokala. Dette fører til auka utgifter per vallokale. 
Holmedal krins ligg tett på Askvoll krins, og det er mogleg å slå saman desse utan at det fører til mykje lenger reiseveg for dei som skal røyste.

Handsaming i valstyret

10.02.2025 var saka oppe i valstyret. Dei gjorde følgjande vedtak:  Saka vert utsett. Saka vert sendt på høyring til aktuelle grendelag og lagt på heimesida

Sjå saksframlegg om samanslåing av røystekrinsar her (PDF, 101 kB)

Høyringa er sendt ut til Stongfjorden vel, Holmedal vel, og er lagt ut på kommunen si heimeside. Saka skal opp til ny handsaming 03.03.2025, og vi ber difor om innspel eller merknader til høyringa innan 24.02.2025

Slik sender du inn merknadar:

Har du merknadar til røystekrinsar kan du sende desse innan 24.02.2025. Du kan sende inn merknadar slik:

Helene Norstrand
Rådgjevar
E-post
Telefon 57 73 07 11
Sarah Louise Loftheim
Arkiv- og sekretariatsleiar
E-post
Telefon 57 73 07 06