Detaljregulering for fv.609 Heilevang – endring

Vestland fylkeskommune ønskjer å endre detaljregulering for FV609 Heilevang. Det er gjennomført nye grunnundersøkingar, og tunnelpåhogget på Heilevang skal flyttast noko.

Bakgrunn

Detaljregulering for fv.609 Heilevang vart vedteken av Askvoll og Sunnfjord kommunar i 2022. Planen legg til rette for skredsikring i form av tunnel på fv. 609, på strekninga mellom Heilevang i Sunnfjord kommune og Hestvika i Askvoll kommune. Det vert òg lagt til rette for andre former for skredsikring, deponi, riggområde mm.. Då byggjeprosjektet vart lyst ut på anbod, kom det fram usikkerheit knytt til stabiliteten ved området der tunnelen skulle gå inn ved Heilevang, og om prosjektet kunne gjennomførast slik det var planlagt. Anbodskonkurransen vart dermed avlyst vinteren 2024.

I ettertid har Vestland fylkeskommune gjennomført fleire undersøkingar av grunntilhøva på Heilevang. Resultata av kartlegginga har ført til at fylkeskommunen vil endre tunnelløysinga. Ved å flytte tunnelpåhogget litt mot aust, kan ein sleppe å ha ein lausmassetunnel, og i staden byggje ein tradisjonell tunnel.

Saksgang

Vestland fylkeskommune har utarbeidd eit framlegg til endring av reguleringsplanen som vart vedteken i 2022. Kommunane vurderer at saka kan handsamast etter forenkla planprosess (mindre endring), jfr. plan- og bygningslova §12-14 andre ledd. Det vil seie at framlegget til endring vert sendt på høyring til aktuelle styresmakter, grunneigarar og velforeining, og dei får ein kort tidsfrist for å komme med innspel. Planframlegget vert ikkje lagt ut til offentleg ettersyn, slik som ein gjer når ein lagar ein ny plan. Kommunen legg likevel ut plandokumenta på heimesida her, sidan det nok er mange som er interesserte i kva som skjer i saka.

Når høyringsfristen er over, vil kommunane i lag med fylkeskommunen vurdere innspela som kjem inn. Deretter vil kommunane vedta reguleringsendringa. Kvar kommune gjer vedtak for den delen av reguleringsplanen som ligg i eigen kommune. Vedtaket i Askvoll kommune vert gjort av formannskapet, medan vedtaket i Sunnfjord kommune vert gjort av administrasjonen. Vedtak i begge kommunane er venta i desember 2024. I følgje fylkeskommunen er målet at byggjeprosjektet skal lysast ut på nytt anbod i første halvdel av 2025. Byggjetid på prosjektet er om lag 4 år.

Framlegget til planendring

Plankart med endringar innarbeidd (PDF, 13 MB)
Føresegner med endringar innarbeidd (PDF, 2 MB)
Planomtale for reguleringsendringa (PDF, 3 MB)
Vedlegg 13.01 Tekniske teikningar (erstattar tilsvarande vedlegg/teikningar i gjeldande plan) (PDF, 12 MB)
Vedlegg 13.19 Skredfarevurdering og forslag til sikringstiltak (ny rapport) (PDF, 5 MB)
Vedlegg 13.20 Ingeniørgeologisk oppsummering (ny rapport) (PDF, 856 kB)
Vedlegg 13.21 Geoteknisk datarapport (ny rapport) (PDF, 40 MB)
Vedlegg 13.22 Geoteknisk vurderingsrapport (ny rapport) (PDF, 5 MB)
 

Detaljregulering for fv.609 Heilevang - vedteken i 2022 - i planregisteret.

Sjå informasjon om fylkesvegprosjektet på Vestland fylkeskommune sine nettsider.

Sjå fleire dokument i arkivsaka
 

Kjersti Sande Tveit
Plan- og miljøvernleiar
Bygg og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 08