Bli med på årets ryddeaksjon - 6. mai

Den 6.mai inviterer Hold Norge Rent for fyrste gong til ein nasjonal ryddedugnad som har som mål fjerne søppel i byar og tettstader.

Fjordane Friluftsråd vil i den forbindelse engasjere våre frivillige i alle våre medlemskommunar. Dette er ein gylden muligheit til å rydde reint før 17.mai og sommar. I tillegg er det kjekt, gjevande og sosialt.
For å gjere handtering av avfall lettare, vil det bli sett ut ein konteinar i kvar av våre medlemskommunar som er Stad, Stryn, Bremanger, Florø, Askvoll og Solund. 

Ta på ryddehanskane og gjer ein innsats i byen eller bygda der du bur!

Her kan enkeltpersonar, bygdelag og bedrifter ta ei ryddeøkt, også utenom 6. mai. Inviter gjerne bygdelag og rydd saman. Vi oppfordrar bedrifter til å ta seg ein time utanfor sin arbeidsplass på ein arbeidsdag. 

Dersom ein ønska å levere avfall til ein gjenbruksstasjon går det også fint. Dette er så klart gratis, og Fjordane Friluftsråd tar kostnadane.

Sjekk ut din nærmaste innleveringsplass her:

For utstyr sjekk ut våre utstyrslager i din kommune her. 

For anna alternativ kan ein bestille gratis ryddeutstyr av Hold Norge Rent her.

Helene Norstrand
Rådgjevar
E-post
Telefon 57 73 07 11