Biologar på feltarbeid i elvar i Askvoll kommune

Kommunen samarbeider med andre kommunar i vassområdet, fylkeskommunen og Statsforvaltaren om å undersøke fleire elvar. Undersøkingane vil gje svar på kva for miljøtilstand vassførekomstane våre har og gje ein peikepinn på eventuell ureining. 

Undersøkinga er ein del av arbeidet for at alle innsjøar, elver, kystområde og grunnvatn skal oppnå miljømål etter vassforskrifta. Rådgivende biologer AS er leigd inn til å samle inn og analysere vassprøver, botndyr og begroingsalgar. Undersøkingane vil skje i perioden mai-november.

Resultata frå undersøkingane vil bli gjort tilgjengelege på nettsida Vestland - Vannportalen vår-sommar 2025. De kan også få tilgang til resultata på Vann-nett.no der de og finn informasjon om andre miljøundersøkingar, tilstand, identifiserte påverknader, tiltak, m.m. for dei elvene og innsjøane de er interesserte i.

I kommunen blir følgande vassdrag undersøkt i 2024.

Standard undersøking omfattar vassprøve 4 gonger, botndyrprøve vår og haust og begroingsalgar seinsommar.

Sunnfjord vassområde

/ Kommune:

Vassførekomst (Vann-Nett)

Vann-nett ID

LokalitetType undersøking
AskvollGjelsvikelva084-284-RGjelsvik NordreStandard
AskvollRivedalsvassdraget083-223-RBekk frå VindheimStandard
AskvollRivedalsvassdraget083-223-RKvielvaStandard
AskvollRivedalsvassdraget083-223-RRivedalselva nedeStandard
AskvollSidebekker Askvika084-63-RAskvoll DalaneStandard



 

Lina Andrea Haugen Herstad
Rådgjevar landbruk
E-post
Telefon 57 73 07 36