Arrangere noko i Askvoll kommune i 2024?

Sjekk om du kan søke støtte frå kommunale kulturmidlar!

Det er framleis mogleg å få støtte for arrangement i 2024.

Kven kan søkje?

Frivillige lag/organisasjonar og einskildpersonar heimehøyrande i kommunen, som lagar til aktivitetar innanfor tradisjonelt kulturarbeid (t.d. teater, musikk, dans, film), barne- og ungdomsarbeid, idrett- og andre fritidsaktivitetar. Ein kan søkje tilskot til fleire aktivitetar, men ein kan ikkje søkje fleire gangar til same aktivitet i same år.

Kriteria for tildeling:

søknad må sendast elektronisk via www.askvoll.kommune.no, og informasjon skal vere utfylt i skjema for at søknaden skal verte godkjent

  • støtte skal i regelen munne ut i aktivitet/arrangement
  • følgjande aktivitetar vert prioriterte blant søknadene:
  • aktivitetar som har barn og unge som målgruppe 
  • aktivitetar som har fokus på felleskap og inkludering
  • det kan gjevast støtte til kurs/opplæring og foredrag

 

Vilkår for tilskot:

aktivitetar som får tilskot, forpliktar seg til å sleppe inn følgjepersonar til funksjonshemma gratis, så lenge desse har med følgjekort

utbetaling skjer i hovudsak etter at tiltaket er gjennomført og rapportert. Dersom tilskotet ikkje vert nytta i tråd med planane i søknaden, kan Askvoll kommune vurdere tilskotet på nytt.

tilskot som ikkje er utbetalt innan utgangen av det året tilskotet er gjeve, vert inndrege.

tilskot kan ikkje nyttast til ordinær drift av lag eller faste øvingar/treningar, men til oppstart eller gjennomføring av konkrete prosjekt, aktivitetar eller som underskotsgaranti.

tilskot kan ikkje nyttast til investeringar i bygg og anlegg.

politiske parti og organisasjonar, næringsorganisasjonar, yrkesfaglege organisasjonar, trus- og livssynssamfunn og organisasjonar med økonomiske føremål, fell i regelen utanfor tilskotsordninga.


SØKNADSSKJEMA FOR KULTURMIDLAR

 

Ta kontakt om De har spørsmål. 

Helene Norstrand
Rådgjevar
E-post
Telefon 57 73 07 11