Anbodskonkurranse for vintervedlikehald av kommunale vegar

Askvoll kommune inviterer til ope anbodskonkurranse for rammeavtale med ein eller fleire leverandørar for vintervedlikehald av kommunale vegar i Askvoll kommune. Tilbodsfrist 10.06.2024

Askvoll Kommune ønskjer å inngå rammeavtale for vintervedlikehald av dei kommunale vegane, i hovudsak brøyting og strøing ved behov. Kommunen har om lag 80 km kommunal veg, fordelt på 11 roder. Nærare skildring av beredskap og utføring er skildra i vedlegga til konkurransegrunnlaget.

Sjå Doffin for konkurransen

Frist for å sende inn tilbod er 10.06.2024 klokka 10.00