Abonnement på brøyting av private vegar

Askvoll kommune har tilbod om kommunal brøyting av private vegar.

Slik søker du

For å søke om abonnement for brøyting av privat veg, skal du bruke elektronisk skjema. 

Skjema for søknad om brøyting

Krav til vegen

Den private vegen må vere minst 50 m lang, og vegen må vere i så god stand at han kan brøytast utan fare for utstyr og brøytar.

Før brøytinga tek til vil kommunen/brøytaren kontrollere at vegen har god nok standard. Om vegen ikkje kan brøytast slik han er, får eigaren tilbakemelding med ein gong.

Kva kostar det?

Det er gjennomført ei vurdering av faktiske kostnader med abonnement på brøyting av private vegar som vil bli lagt from for politisk godkjenning, truleg med eit slikt prisbilete:

Abonnementsgebyr for brøyting av private vegar - sesong 2024
Veglengde Pr. sesong inkl. mva.
50 - 250 m. 6 250
250 - 500 m. 15 625

 

Ved mykje snøfall vert brøyting av kommunale samlevegar/adkomstvegar prioritert før brøytinga av dei private vegane.

Dersom det er så stor interesse for abonnementsordninga at kommunen får kapasitetsproblem, vil kommunen prioritere søknadene etter nærare kriterier, og evt. seie nei til einskilde.

Om det er fleire brukarar av ein veg, må dei gå saman om abonnementet, og stille med ein representant overfor kommunen.

Kontakt

Dersom du har spørsmål ta kontakt med teknisk drift på 57 73 07 30 / 57 73 07 32.

Per Jan Ryland
Teknisk sjef
E-post
Telefon 57 73 07 32
Teknisk drift
E-post
Telefon 57 73 07 30
Øivind Helle
Ingeniør
Teknisk drift / Bygg og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 30