Vassmålaravlesing og registrering av vassmålar

Når du har fått montert vassmålar, må du gje tilbakemelding til kommunen om dette.

Avlesing av vassmålaren skal gjerast ein gong kvart år. Det skal lesast av når du har fått beskjed om det, rundt årsskiftet.

Frå 2024 er det ny løysing for å melde inn vassmålarstand i Askvoll kommune. Eigar av bustaden vil få ein sms med beskjed om å sende inn vassmålarstand. Svar på sms med kun tal frå vassmålar. Du er då ferdig med innmelding av vassmålarstand.

Om du leser av feil eller tastar feil, kan du sende ny melding med kun tal. Siste melding vil gjelde. 

Dersom du ikkje har svart på meldinga, vil du få eit brev i posten om korleis du skal melde inn vassmålarstand til kommunen. 

Registrering av vassmålar

Når du har fått montert vassmålar, må du gje tilbakemelding til kommunen om dette. Fyll ut skjema nedanfor:

Skjema for godkjenning av vassmålar til kommunalt vassverk (PDF, 105 kB)

Øivind Helle
Ingeniør
Teknisk drift / Bygg og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 30