Om flyktningtenesta
I samband med vedtaket om å busetje flyktningar, har kommunen tilsett flyktningkonsulentar som er underlagt kommunedirektøren. Konsulenten er ansvarleg for flyktningtenesta, og skal saman med Vaksenopplæringa, dei kommunale tenestene og ressursane i lokalsamfunnet, jobbe for god etablering og integrering av flyktningane.
Flyktningstenesta hjelper mellom anna til med:
Å skaffe bustad
Etablering
Praktisk hjelp og rettleiing i lokalsamfunnet
Oppfølging av introduksjonsprogram i samsvar med integreringslova
Om busettingsarbeidet i Askvoll kommune
Flyktningar som har fått opphald i Noreg skal busetjast i ein kommune. Dette ansvaret ligg hos Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), og kvart år oppmodar IMDi kommunane om å busetje eit visst tal flyktningar. Oppgåva er frivillig, og det er kommunen sjølv som avgjer kor mange flyktningar ein ynskjer å busetje.
For vaksne flyktningar i aldersgruppa 18- 55 år, skal kommunen leggje vekt på opplæring i norsk språk og samfunnsliv og gje moglegheit for språk- og arbeidspraksis slik at ein på kort eller lengre sikt kan gå inn i ordinært arbeidsliv. Den overordna målsetjinga er at ein skal delta i det ordinære vaksenlivet og dermed klare seg sjølv. Ved å gjere vedtak om busetjing, har kommunen forplikta seg på å gje tilbod om introduksjonsprogram i samsvar med integreringslova.
Korleis kan du bidra?
Askvoll kommune ynskjer at du som er engasjert og som ynskjer å gjere ein skilnad, set ditt preg på denne viktige samfunnsoppgåva i lag med kommunen. Vi håpar at vi i fellesskap kan finne fram til gode idéar om møteplassar, aktivitetar og anna som gjer at flyktningane kjenner seg velkomne i kommunen vår og vert ein del av Askvollsamfunnet.
Er du privatperson eller lag/organisasjon som ynskjer å bidra som fadder/ med sosiale aktivitetar?
Er du arbeidsgjevar som ynskjer å gje tilbod om språk-/ arbeidspraksis?
Ynskjer du å bidra på andre måtar?
Ta kontakt med flyktningtenesta!
Kontaktinformasjon til flyktningtenesta i Askvoll
Postadresse: Askvollvegen 426A, 6980 Askvoll.
Besøksadresse: Sentrumsgarden, Askvollvegen 398, 6980 Askvoll.
Flyktningar frå Ukraina
Registrering av flyktningar
Søknad om busetting
Hjelp flyktningar som kjem til Askvoll