Rassikring ved fv609 Heilevang

Prosjektet er eit rassikringsprosjekt som er planlagt løyst med tunnel på i overkant av 2 km for å sikre ei svært rasutsett strekning mellom Hestvik i Askvoll kommune og Heilevang i Sunnfjord kommune på fylkesveg 609. 

Prosjektet er vedteke med oppstart i perioden 2023-26 i Vestland fylke sin regional transportplan. Kostnadsramma for prosjektet er om lag 850 millionar.

Strekninga har ein rasfaktor på 4,61 og det er såleis eit av dei mest rasutsette stadane i landet og ein har hatt mange hendingar og mykje stengd veg pga av ras eller fare for ras. Vegen er ein viktig pendlarveg og såleis viktig å få sikra. 

Aksjonsgruppa for Fv 609 har gjort ein stor innsats for å setje søkjelys på viktigheita av tiltaket dei siste åra.

Aktuelle lenker:

Prosjektside - Vestland fylkeskommune

Reguleringsplan for fv. 609 Heilevang