Kvammen

Sikre deg ei byggeklar tomt i eit solrikt og familievennleg bustadfelt i Kvammen – nær skule, barnehage og flotte friluftsområde.

Bygg draumehuset ditt på Høgda i Kvammen! 

Askvoll kommune har no seks byggeklare tomter for sal i det nye bustadfeltet på Høgda. Området ligg solrikt og fint til med flott utsikt over fjord og fjell.

Kvammen er eit trygt og triveleg lokalsamfunn med kort veg til både skule og barnehage i gjelsvika. På Høgda finn du butikk, post, kafé og treningsrom, og bygda har eit aktivt miljø med gode fritidstilbod for barn og vaksne. Bustadfeltet ligg i nærleiken av ballbane, sandvolleyballbane og leikeplass, og med fjell og fjord rett utanfor døra er det gode moglegheiter for friluftsliv og rekreasjon. og i tillegg berre 30-35 minutt unna. Den korte pendlaravstanden til desse er eit godt argument for å bu i bygda. Kvammen ligg sentralt til i forhold til arbeidsmarknadane i Førde og Askvoll, noko som gjer det enkelt å pendle til jobb.

Om du ønskjer meir informasjon eller ei uforpliktande visning er det berre å ta kontakt. 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Prisar

Tomteprisar
Tomt nr. Pris kr Merknad Storleik (m2)
1 610 000 Har stikk inn til tomta. 899
2 610 000 Har stikk inn til tomta. 817
3 610 000 Har stikk inn til tomta. 853
17 635 000 God utsikt. Har leidningar over tomta som må klausulerast. 1123
18 550 000 Krev tilkøyring av massar. Har leidning over tomta som må klausulerast. 1120
19 635 000 Har leidning over tomta som må klausulerast. 1141

Tomt 18 har masseunderskot og kan nytte massane frå tomt 17 som har masseoverskot. Til saman vert det regulert 19 tomter, der tomt nr 6, 7, 8, 13, 17 og 18 skal tilretteleggast for bustader med alle hovudfunksjonar på inngangsplanet. 

I tillegg har kommunen to rimelege tomter for sal i det gamle bustadfeltet. Tomt 1 er om lag 900 m2, medan tomt 11 er om lag 1050 m2. Ta kontakt for meir informasjon.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Sjå bustadområdet på kommunekart.com. 

Arve Åsnes
Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 27
Mobil 41 55 32 75
Liss Lien
Bygg- og eigedomssjef
E-post
Telefon 57 73 07 33