Utskriving av eigedomsskatt 2024 og fakturering av kommunale avgifter

I samsvar med eigedomsskattelova 15 og § 6-2 og § 6-3 i Askvoll kommune sine eigedomsskattevedtekter, vert eigedomsskattelistene lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker, f.o.m. 01.02.2024.

Her kan du sjå skattelista:

Eigedomsskattelista ligg òg i resepsjonen på rådhuset i Askvoll.

Les meir om eigedomsskatten

Fakturering

Eigedomsskatt vert fakturert saman med andre kommunale avgifter.  Årleg eigedomsskatt under kr. 300 vert ikkje fakturert. 

NYTT:  Dersom du har samla årlege kommunale avgifter under kr. 1200 på ein eigedom vert dette fakturert i si heilheit ved fyrste fakturering i januar 2024, jamfør vedtak i kommunestyret desember 2023.

Døme: Eigedomsskatt + feiing = kr. 1000 for 2024 -> heile beløpet kjem på faktura i februar og du vil ikkje få fleire faktura for 2024.


Klageadgang

Eigar kan klage på grunnlag for eigedomsskatt kvart år dersom det ikkje har vore klaga på same grunnlag tidlegare år. Dette fylgjer av eigedomsskattelova §19.

Slik kan du sende inn ei eventuell klage:

Skjema for klage på eigedomsskatt

per e-post til eskatt@askvoll.kommune.no

eller per post til Askvoll kommune, eigedomsskattekontoret, Askvollvegen 426A, 6980 Askvoll

Frist for klage for skatteåret 2024 er 17.03.2024. 

Dersom du har spørsmål om eller klage på formuesverdi så må du ta kontakt med skatteetaten på telefon 800 80000. 
Sjå denne artikkelen for meir info om endring av formuesverdi.

Helene Norstrand
Rådgjevar
E-post
Telefon 57 73 07 11