Samanslåing av eigedomar

Fleire eigedomar som har same eigar og som vert nytta som ei eining, kan samanføyast til ein eigedom. Den samanslåtte eigedomen bør bli eit samanhengande areal.

Krav for å slå saman eigedomar

  1. Før kravet vert handsama må det vere underskrive av den som har grunnboksheimel, jf. matrikkellova § 18. 
  2. Om det er hefte på nokre av eigedomane må det ordnast opp i dette før samanslåing kan gjennomførast, jf. matrikkelforskrifta § 43, åttande ledd. Opplysningar om hefte m.m. kan ein få ved å ta kontakt med Kartverket si tinglysingsavdeling. 
  3. Saman med kravet skal det følgje: kart over eigedomane samanslåinga gjeld, stadfesting på at eventuelle heimelshavarar til bruksrettar er varsla, andre dokument som er naudsynt for å få tinglyst samanslåinga, jf. matrikkelforskrifta § 43, fyrste ledd. 

 

Slik krev du samanslåing av eigedomar

  1. Fyll ut skjema: Skjema for Krav om samanslåing finn du på Kartverket si heimeside
  2. Du må oppgje alle eigedomane som skal bli slått saman.
  3. Alle heimelshavarane må skrive under på skjemaet, og oppgje fullt fødselsnummer eller organisasjonsnummer.
  4. Lever skjema til kommunen.
Liss Lien
Bygg- og eigedomssjef
E-post
Telefon 57 73 07 33
Andreas Rivedal
Avdelingsingeniør
Bygg og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 24