Slik søker du du

Innsending av byggesøknad til kommunen. 

Bruk dibk sine digitale tenester for automatisk kontroll for byggesøknad før innsending til kommunen. Dette er ein erstatning for byggsøk som vart nytta tidlegare. Du kan lese meir om dei nye løysingane på Direktoratet for byggkvalitet sine nettsider.

Skjema og byggesaksblankettar

Om du ikkje ønskjer å søkje elektronisk finn du søknadsskjema for manuell utfylling og innsending på Direktoratet for byggkvalitet sine sider og heimesidene til kommunen. Last ned byggesaksblankettar her. 

Vedlegg til søknad

Det skal leggast ved teikningar, dvs. plan. snitt og fasadeteikningar samt situasjonsplan (kartutsnitt) som syner arealbruken på tomta. 

Gå til kommunekart for å skrive ut situasjonskart

For større byggetiltak og nybygg kan søknader ikkje sendast av tiltakshavar sjølv. Søknader må sendast inn av føretak som kan godkjennast som ansvarleg søkar. Ansvarleg søkar skal syte for at søknaden er komplett.

Arnt Rune Knapstad
Avdelingsingeniør
Bygg- og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 17