Feiing og tilsyn

Feiar utfører både feiing av skorsteinar og tilsyn med fyringsanlegg for oppvarming av rom og bygningar. Tilsyn med bustadar er ei lovpålagt oppgåve for det lokale brannvesenet.

 

Varsel om feiing og tilsyn

Du vil få melding om feiing og tilsyn eit par dagar før. Dersom ikkje tidspunktet høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren.

Kor ofte det skal feiast vert fastsett etter behov. Behovet vert bestemt ut i frå oppvarmingssystemet i bustaden, sotmengd og anna. Hytter og fritidsbustader skal feiast og ha tilsyn på lik linje med vanlige husstandar.

Sikker tilkomst

Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørgje for sikker tilkomst til og på tak. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørgje for at det er eigna stige på lett tilgjengeleg stad.
 

Før feiaren kjem skal du:

  • Legge fram stige (for dei med takfeiing).

  • Sikre at stigen ikkje kan skli.

  • Sjekke at takstige og andre innretningar er i forsvarleg stand og i samsvar med regelverket.

  • Parafin-/oljebrennar skal vere sløkt og avstengd (for dei som har det).

  • Stenge luker, ventilar og spjeld.

  • Hugse å seie i frå til leigebuar.

  • Passe på at ikkje noko anna kan være til hinder for feiinga.

Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på anna måte gjeve klar melding om at det kan feiast) vil det ikkje bli feia. Du kan ikkje rekne med ny feiing før neste runde dersom det ikkje blir gjort ny avtale medan feiaren er i området. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogeleg.
 

Kva kostar det?


Tilsyn

Eigar eller representant for eigar skal vere til stades og sørgje for at samtlege bueningar, eldstader og skorsteinar er tilgjengeleg. Om nødvendig må eigar eller eigar sin representant varsle andre brukarar (leigetakarar).


Tilsynet vil omfatte kontroll av:

  • Eventuelt tidlegare avvik eller merknader er fylgt opp og utbetra.

  • Ny eldstad eller vesentlege endringar ved fyringsanlegget er meldt inn til kommunen.

  • Anlegget er tilfredstillande kontrollert, ettersett og vedlikehalde.

  • At røykvarslarar, håndslukkeutstyr og rømmingsveg følgjer regelverket.

Har huseigar informasjon til feiarvesenet som har betyding for tilsynet ber vi om at dette blir lagt fram til oss når vi kjem. Dette kan til dømes vere monteringsanvisning til omn eller liknande.

Gode råd til brannvern i heimen

Det brannførebyggjande arbeidet vert prioritert høgt. Tilsyn med bustadar er ei lovpålagt oppgåve for det lokale brannvernet. Dette arbeidet er svært viktig, fordi dei fleste brannane oppstår i heimane. På sidene til Norsk brannvernforening og på Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap sin portal www.sikkerhverdag.no finn du gode råd til brannvern i heimen.

Roy Andre Solvåg-Hellevang
Leiar brannførebyggande avdeling
Brannvern og feiing
E-post
Telefon 57 71 85 63
Mobil 95 81 52 82
Raymond Rørvik
Feiar
Brannvern og feiing
E-post
Telefon 45 87 65 04