Skatteoppkrevjaren er overført til Skatteetaten

Frå 1. november 2020 overtar Skatteetaten oppgåvene til skatteoppkrevjaren. 

Oppgåvene som vert overført til Skatteetaten

Frå 1. november 2020 er det Skatteetaten du skal ta kontakt med, også når det gjeld restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot og andre oppgåver skatteoppkrevjaren i kommunen tidlegare har hatt. Skatteetaten vil få eit heilheitleg ansvar for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter.

Skatteetaten si nettside

Telefon: 800 80000

Oppgåvene som vert overført til Skatteetaten er mellom anna:

  • innkrevjing av restskatt
  • skatt til gode
  • tilleggsforskot
  • forskotstrekk
  • arbeidsgjevaravgift
  • motregning
  • utleggstrekk knytt til skattekrav
  • skatteattest
  • konto-/saldoutskrift for skatt og arbeidsgjevaravgift

 

Om du har hatt ei sak under handsaming hjå skatteoppkrevjaren i Sunnfjord kommune, vert denne overført til Skatteetaten. Du vil få tildelt ny saksbehandlar/kontaktperson.

Kommunen har framleis ansvar for innkrevjing av kommunale krav.