Viltforvaltning

Kommunen har forvaltningsoppgåver etter viltlova og forskrifter knytt til denne. Vi gjev råd og rettleiing i saker knytt til vilt og forvaltning av vilt.  Viltlova gjeld alle viltlevande landpattedyr, fuglar, amfibiar og krypdyr.

Døme på oppgåver i viltforvaltninga

  • Forvaltning etter gjeldande lover og forskrifter
  • Fallvilt (påkøyrd og skadd/sjukt vilt)
  • Tildeling av fellingsløyve (hjort) for vald utan godkjent driftsplan/bestandsplan
  • Kontroll/registrering av fellingsrapportar
  • Registrering og analyse av "sett hjort"
  • Godkjenning av vald
  • Godkjenning av driftsplanar/bestandsplanar
  • Forvaltning av kommunen sitt viltfond

Hjortevilt

Hjorteviltregisteret. Her legg kommunen inn informasjon om alle valda: Fellingsløyve/ fellingsresultat, sett-hjort og slaktevekter.

Du som jaktar skal registrere alle dine jaktdata på hjorteviltregisteret. Jeger logger seg inn med sitt jegernummer og fødselsdato.

I Hjorteviltregisteret finn de og oversikt og informasjon om fallvilt (trafikkpåkøyrsler).

Årskalender Hjort (PDF, 134 kB) - Oversikt over rapportering og tidsfristar 

Viltfond

Hjortevald betalar inn fellingsavgift for felt hjort  til viltfondet etter endt jakt. Kommunen handsamar søknader om tilskot frå det kommunale viltfondet. Forskrift om viltfond og kommunale retningslinjer avgjerd kva tiltak som kan få støtte og kven som vert prioritert. 
I Hyllestad er søknadsfristen for støtte frå viltfondet 15. mars.  I Fjaler og Askvoll er det ingen søknadsfrist.

Retningsliner for bruken av Viltfondet i Askvoll og Fjaler (PDF, 83 kB)
Retningsliner for bruk av Viltfondet i Hyllestad (PDF, 978 kB)

Nyttig informasjon om vilt, jakt og forvaltning


Ettersøk

Askvoll ettersøksring - Tlf 913 01 221
Fjaler og Hyllestad ettersøksring - Tlf 991 58 100
 

Vilt som gjer skade

Nokre gonger kan dyr vera plagsame eller gjera vesentleg skade på eigedom. Miljødirektoratet har laga ein rettleiar om vilt som gjer skade. I denne rettleiaren finn du råd om kva du kan gjera viss du opplever dette som eit problem. Regelverket som dekkjer desse utfordringane finn du i viltforskrifta. 


Jegerprøva

Som ny jeger må du ha jegerprøvekurs. Dette kurset er obligatorisk og på 30 timar. Etter kurs må du ha bestått eksamen før du kan utøve jakt og fangst. Kommunen organiserer eksamen. Etter bestått prøve vert du registrerte i Jegerregisteret.

Spørsmål om jegerprøvekurs?

Lokale jakt- og fiskelag arrangerer som regel jegerprøvekurs i løpet av våren. Om du har spørsmål knytt til jegerprøvekurs, kan du ta kontakt med ditt lokale Jakt og fiskelag.

Eksamen

Eksamen, etter endt jegerprøvekurs vert gjennomført elektronisk. Eksamensavgifta er 300 kroner per forsøk. Informasjon om kurs, eksamen og eksempelprøver finn du på jegerprøveeksamen.no

Kenneth Aaland
Fagkonsulent landbruk
E-post
Telefon 57 73 07 29
Mobil 95 99 95 41