Her finn du gardskart
Søk opp eigedom på NIBIO sitt gardskart
Endringar i markslag – meld i frå innan 1. juni
Dersom du har areal du ynskjer å registrere, til dømes ved nydyrking eller beiterydding, må du melde i frå til kommunen innan 1. juni. Du melder i frå ved å sende kart, der arealet du vil ha synfart er skissert inn. Eller du kan kome innom eit av kontora (Askvoll, Fjaler, Hyllestad) så kan vi hjelpe deg å skrive ut kart.
Kvifor frist?
Kommunane har frist til å oppdatere kartet i slutten av august. For at vi skal rekke synfaring, oppmåling og oppdatering i kart, treng vi innspel innan 1. juni. Innmarksbeite bør også synfarast tidleg i vekstsesongen, for å vurdere krav til beitetolande urter og gras. Seinare på hausten kan plantane tape seg, og du kan risikere å ikkje få godkjendt innmarksbeitet ditt.
Kva om eg melder i frå om endring av areal etter fristen?
Det er mogeleg, i visse tilfelle, å gjere endringar etter fristen. Det er likevel ikkje ynskjeleg, fordi endringa vil krevje meir ressursar, sidan oppdateringa skjer manuelt. Vi prøver å vere fleksible, for å få med endringar, likevel, for å vere sikker på å få areala registert i kart, må du melde i frå innan 1. juni.
Har du spørsmål?
Du finn informasjon om kontinuerleg ajourhald på nettsida til NIBIO.