Serveringsløyve

Når treng du serveringsløyve? 

Om du skal drive ein stad der det skal serverast mat eller drikke, må du ha serveringsløyve. 

Endringar i løyve skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av dagleg leiar, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforholda. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve.


Korleis får du serveringsløyve 

Styrar/dagleg leiar for serveringsstaden må ha bestått etablerarprøven for å kunne søke om serveringsløyve. Løyvet vert gjeve til selskapet som eig staden.

Kurs og læringsmateriell finn du på www.vinn.no.
Sjølve prøva tek du på rådhuset i Askvoll.

Bruk det elektroniske søknadsskjemaet for å søke om serveringsløyve: 
 

Gå til søknadsskjema for serveringsløyve


Vedlegg til søknad

Du vil bli bedt om å laste opp diverse vedlegg i søknaden. 

  • Firmaattest for alle firma som er involverte i drifta.

  • Skatteattest for søkjar/eigar og andre med vesentlig tilknyting til drifta.

  • Teikning av serveringsstaden inne og ute.

  • Stadfesting av godkjent etablerarprøve for dagleg leiar.

  • Ved overtaking av verksemda, kopi av avtale mellom ny og gammal eigar.


Kor lang tid tar det å få svar?

Søknadane vert behandla fortløpande, saksbehandlingstida er inntil 3 månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysingar og dokument. Søknaden vert sendt til politiet og skatte- og avgiftsmyndigheitene for uttale. Behandlingstida kan bli lengre dersom høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjer endringar undervegs i behandlinga av søknaden.


Kva koster det?

Det er gratis å få serveringsløyve.

Artikkelliste