Askvoll ungdomsråd

Askvoll kommune har sitt eige ungdomsråd som er ungdommen sitt øvste talerøyr, og arbeider for å fremje interessane og meiningane til ungdommen i kommunen vår.
 

Logo Askvoll ungdomsråd - illustrasjon - Klikk for stort bilete

Om Askvoll ungdomsråd

Askvoll ungdomsråd (AUR) er samansett av 11 medlemer fordelt på dei ulike ungdomsskulane i kommunen. Det er også med ungdom som går på vidaregåande skule. Rådet blir valt for to år.

Rådet skal gje opplæring i demokratisk arbeid og påverknad, og er også eit høyringsorgan i ungdomssaker. Det er partipolitisk uavhengig, og har møte og talerett både i komitear, formannskap og kommunestyre.
 

Innspel til saker?

Har du forslag til saker som AUR bør ta opp, kan du sende innspel til leiar, administrasjonen i kommunen. Forslag til saker kan komme frå elevane via elevråda, enkeltpersonar eller frå administrasjonen i kommunen.

Politikarane er hjarteleg velkomne til å møte og snakke med ungdommane!
 

Her finn du møtekalender og medlemer.

Artikkelliste