Vedtatt i KOM-sak 006/19
Føremål:
Føremålet med tilskotsordninga er å stimulere til aktivitetar og tilskipingar for innbyggjarane i Askvoll kommune.
Kunngjering:
Kunngjering av tilskotsordninga skjer i Firda, på kommunen sin nettside og facebookside, og ved oppslag på rådhus og lokal butikk i god tid før søknadsfristen. 70 % av den budsjetterte ramma vert lyst ut på våren med fast søknadsfrist. Resterande 30 % vert lyst ut etter sommaren og kan søkast på fortløpande.
Handsaming:
Administrasjonen ved rådmannen vurderer søknadane ut frå vedtekne retningsliner og gjev løyve om tilskot innanfor budsjetterte rammer.
Kven kan søkje?
Frivillige lag/organisasjonar og einskildpersonar heimehøyrande i kommunen, som lagar til aktivitetar innanfor tradisjonelt kulturarbeid (t.d. teater, musikk, dans, film), barne- og ungdomsarbeid, idrett- og andre fritidsaktivitetar. Ein kan søkje tilskot til fleire aktivitetar, men ein kan ikkje søkje fleire gangar til same aktivitet i same år.
Kriteria for tildeling:
- søknad må sendast elektronisk via www.askvoll.kommune.no, og informasjon skal vere utfylt i skjema for at søknaden skal verte godkjent
- støtte skal i regelen munne ut i aktivitet/arrangement
- følgjande aktivitetar vert prioriterte blant søknadene:
- aktivitetar som har barn og unge som målgruppe
- aktivitetar som har fokus på felleskap og inkludering
- det kan gjevast støtte til kurs/opplæring og foredrag
Vilkår for tilskot:
- aktivitetar som får tilskot, forpliktar seg til å sleppe inn følgjepersonar til funksjonshemma gratis, så lenge desse har med følgjekort
- utbetaling skjer i hovudsak etter at tiltaket er gjennomført og rapportert. Dersom tilskotet ikkje vert nytta i tråd med planane i søknaden, kan Askvoll kommune vurdere tilskotet på nytt.
- tilskot som ikkje er utbetalt innan utgangen av det året tilskotet er gjeve, vert inndrege.
- tilskot kan ikkje nyttast til ordinær drift av lag eller faste øvingar/treningar, men til oppstart eller gjennomføring av konkrete prosjekt, aktivitetar eller som underskotsgaranti.
- tilskot kan ikkje nyttast til investeringar i bygg og anlegg.
- politiske parti og organisasjonar, næringsorganisasjonar, yrkesfaglege organisasjonar, trus- og livssynssamfunn og organisasjonar med økonomiske føremål, fell i regelen utanfor tilskotsordninga.
Klagehandsaming
Det er ikkje høve til å klage på vedtaket.
Kulturmidlane i forhold til andre kommunale tilskotsordningar:
Reine ungdomsarrangement bør søkje støtte frå «Ung i Askvoll-midlar» som Askvoll ungdomsråd tildeler ut frå eigne vedtatte retningsliner og innanfor budsjetterte rammer. Tiltak/aktivitetar med næringsretta profil som støttar handel og reiseliv (t.d faste festivalar) kan søkje tilskot til marknadsføring frå ordninga «kommunalt tilskot til nærings- og infrastrukturretta tiltak».