Mynde til å gjennomføre borgarlege vigslar i Askvoll er ordførar Ole André Klausen og varaordførar Gunnar Osland.
Prøvingsattest
Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, sjå kapittel 1 i ekteskapslova.
Behandlingstider er to-tre veker, så ver ute i god tid før bryllaupet.
Oversikt over skjema som må fyllast ut:
-
Eigenerklæring
-
Forlovarerklæring
-
Erklæring om skifte, om du har vore gift tidlegare
-
Melding om endring av namn, om du skal bytte namn
Om alt er i orden skriv Skatteetaten ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Du skal sende prøvingsattesten til Askvoll kommune. Attesten er gyldig i fire månader.
Bestille tid for vigsel
Skal du gifte deg borgarleg i Askvoll, må du ta kontakt med Askvoll kommune v/ordførar på telefon 480 37 285 eller på postmottak@askvoll.kommune.no.
Tid og stad for vigsel
Vi tilbyr vigslar i alle yrkedagar i kontortida. Vigselen vil foregå på Askvoll rådhus anten på ordførar sitt kontor, eller i møterommet i 2. etasje. Det vert innreia slik at det gjev eit verdig og høgtideleg preg.
Brudepar som ønskjer vigsle på andre tidspunkt eller andre stadar i kommunen, må gjere avtale om det med vigslar og betale for eventuelle meirkostnader.
Pris
Vigslar er gratis for alle i ordinær kontortid, sjølv for brudepar busett i andre kommunar enn i Askvoll kommune.
Korleis blir seremonien?
- I seremonien nyttar ein Det borgarlege vigslingsformularet, som er ein tekst som vigslaren les opp.
- Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette.
- Det skal vere to vitne til stades under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarane, men det kan også vere to andre myndige personar.
Vigselsattest
Kommunen sender ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Kopien fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege frå Folkeregisteret.
Frå 1.mars 2020 vil du som nygift motta stadfesting på vigsel digitalt frå Folkeregisteret i din innboks i Altinn, i staden for ein vigselsattest på papir i postkassen. Dersom du ikkje er digital brukar, får du stadfestinga i posten. Det er framleis mogleg å etterbestille vigselsattest på Altinn.