Kven er vi?
Hukommelsesteamet består av spesialsjukepleiar, ergoterapeut og lege. Dersom du sjølv eller nokon du kjenner har problem med hukommelse, kan du ta direkte kontakt med ein av oss:
Fastlege og heimesjukepleien kan òg henvise til hukommelsesteamet.
Korleis kan vi hjelpe?
Vi tilbyr:
- Heimebesøk med samtale og kartlegging av hukommelse og funksjon.
- Råd, rettleiing og informasjon knytt til demenssjukdommen.
- Oppfølging av ein fast kontaktperson.
- Kartlegging av behov for tenester og hjelpemiddel..
- Råd og rettleiing til helsepersonell.
Hukommelsesteamet har eit tett samarbeid med legane, både i utgreiingsfasen og etter at ei eventuell demensdiagnose er stilt.
Målsetjinga til hukommelsesteamet.
Vi ynskjer å jobbe for at personar med demens og deira pårørande skal få ein betre kvardag:
- Personar med demens skal få trygge og tilpassa tenester gjennom heile sjukdomsforløpet, av tenesteytarar med god kunnskap og kompetanse om demens, og kjennskap til den einskilde si historie.
- Tidleg utgreiing og tett oppfølging etter diagnose.
- Personar med demens skal få aktive og meiningsfulle dagar som kan vere med på å førebygge og utsetje følgjene av demenssjukdommen.
- Pårørande til personar med demens skal få støtte, avlasting og kunnskap om demens, slik at dei kan meistre oppgåva som pårørande på ein god måte.
Tidlege teikn på demens:
Det er ulike teikn som kan kome til syne i starten av ein demenssjukdom. Symptoma vil ikkje vere like synlege heile tida, og dei kan variere frå person til person.
Tidlege teikn på demens kan vere:
- Nedsett hukommelse, spesielt for nyare hendingar
- Problem med å planlegge, løyse og fullføre vanlege oppgåver
- Språkvanskar
- Forvirring om tid og stad
- Redusert dømmekraft
- Utfordringar med å følgje opp økonomiske forhold
- Feilplassering av gjenstandar
- Endring i humør og personlegdom
- Endra veremåte
- Tap av initiativ og engasjement, både for aktivitetar og mennesker
(Kjelde: Aldring og helse)
Kvifor er demensutgreiing viktig?
- For å kunne skilje demens frå normal aldring og andre sjukdommar som liknar på demens.
- For å sikre riktig behandling, og vurdere medikamentell behandling.
- For å setje i verk riktige tiltak ovanfor brukar og pårørande.
- For å tilrettelegge heimesituasjonan, for at vedkommande kan bu heime så lenge som mogleg.
Du kan søkje om helse- og omsorgstenester.
Om du ynskjer å søkje om helse- og omsorgstenester kan du gjere det ved å fylle ut søknadsskjema:
Søk om helse- og omsorgstenester
Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.
Papirsøknaden sender du til:
Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll
Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)