Praktisk hjelp i heimen

Praktisk bistand er eit tilbod til deg som grunna sjukdom og nedsett helse treng praktisk hjelp for å greie daglege gjeremål i heimen. 

Kva kan du få hjelp til?

Heimehjelp kan omfatte reingjering av rom som er i dagleg bruk, skifte av sengetøy, vask av klede i vaskemaskin, innkjøp av matvarer. Klarer du ikkje slike praktiske gjeremål kan du søkje om heimehjelp.

Slik søkjer du:

Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
 

Søk om helse- og omsorgstenester


Papirsøknad helse- og omsorgtenester


Papirsøknaden sender du til:

Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)

Praktisk bistand inkluderer ikkje:

  • Stryking av klede
  • Reingjering av område over "skulderhøgd", eller av rom som ikkje er i bruk
  • Opplæring til hushald
  • Hagearbeid
  • Nedvask
  • Baking
  • Rydding og vasking etter friske pårørande eller besøkjande
  • Hjelp til kjæledyrhald.
  • Flytting av bossdunkar i fellesareal
  • Frakting av boss til bossfylling
  • Gjere i stand til høgtider

Flytting av møblar
 

Kva kostar det?

Det er eigenandel på heimehjelp/praksisk bistand. Dette er regulert etter inntekt i husstaden. Satsane er fastsett av kommunestyret.

Trykk her for gebyroversikt på kommunale tenester

Askvollheimen - Omsorgskontoret
Administrasjon
E-post
Telefon 57 73 45 00