Lærings- og meistringstilbod

Stadig fleire får kroniske sjukdommar og/eller nedsett funksjonsevne. Lærings- og meistringstilbod er kurs og aktivitetar for deg som har helseutfordringar eller er pårørande til nokon som har det. 

Tilbod i Askvoll

Føremålet med lærings og meistringstilbodet er at du skal få betre innsikt i eigen situasjon og bli styrka i å meistre livet med helseutfordringar. Gjennom tilbodet skal kommunen bidra til tidleg intervensjon, førebygge sjukdom og gje pasientar/brukarar mogelegheit til å auke livskvaliteten sin.

Innhald:

Tilbodet i Askvoll består av ulike typar kurs som diabeteskurs og livsstils-meistringskurs, ulike føredrag og temakafear, samt enkelte treningstilbod. Både kurs, temakafear og andre aktivitetar kan vere for både brukarar og pårørande.

Målgruppe:

Målgruppa for det kommunale tilbodet er personar som har auka risiko for eller har utvikla samansette helseplager og kronisk sjukdom, og som treng hjelp til å endre levevaner og til å meistre livet med sjukdom og plager.

Lærings- og meistringsgruppa består i dag av brukarrepresentant, fysioterapeut, ergoterapeut, spesialsjukepleiar, diabetessjukepleiar, kreftkoordinator og folkehelsekoordinator.

Kurs og aktivitetar


Lærings- og meistringssenteret i Helse Førde

Opplæring av pasientar og pårørande er ei av spesialisthelsetenesta sine hovudoppgåver. Kommunen har ei delavtale med Helse Førde der partane forpliktar seg til å samarbeide om å førebygge sjukdom og tilby lærings- og meistringstilbod. Spesialisthelsetenesta tilbyr m.a. gruppebasert opplæring som ein del av pasientforløpa og nyttar sitt LM-senter i Førde som læringsarena.

Gjennom avtala skal kommunen og LM-senteret leggje til rette for at ressurspersonar kan bidra til å dele kunnskap og erfaring, tilby generelle meistringskurs med fokus på helsefremming, førebygging og utfordringar til det å leve med sjukdom/ nedsett funksjonsevne. Vidare skal ein arbeide for tettare oppfølging av brukarar og deira nærpersonar i dei store diagnosegruppene: diabetes, overvekt, hjarte og lungesjuke, angst og depresjon, demens, kreft, muskel og skjelett, nevrologiske og rus og avhengigheitsproblematikk.

Lærings- og meistringssenteret skal bidra til utvikling av gode metodar for kunnskapsformidling og koordinere pasient- og pårørandeopplæring. Opplæringstilboda har eit tverrfagleg fokus der erfarne brukarrepresentantar og/eller interesseorganisasjonar har ein sentral plass. Fellesnemnaren for lærings- og meistringssenteret er at ein i mange samanhengar fungerer som eit bindeledd mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.

Arve Åsnes
Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 27
Mobil 41 55 32 75