Fysioterapi

I Askvoll fysioterapiteneste er det totalt fire fysioterapeutar. To av desse er kommunalt tilsette og har ansvar for eldre på sjukeheimen, barn på skule, barnehage og helsestasjon samt hjelpemiddelformidling.  Dei to andre fysioterapeutane har private driftsheimlar, det vil seie at dei arbeider først og fremst med kurativ behandling på instituttet. 

Kva er fysioterapeuten sine hovudoppgåver?

  • kartlegging og opptrening
  • vurdering, tilpassing og oppfølging av hjelpemiddel
  • habilitetingsoppgåver knytt til barn og unge
  • rehabiliteringsoppgåver knytt til vaksne og eldre
  • rettleiing av brukarar, pårørande og anna personell
  • bustadtilpassing
  • ADL-trening (aktivitetar i dagleglivet)


Hjelpemiddel:

Dei kommunale fysioterapeutane har ansvar for rørslehjelpemiddel.  Dei hjelper til med søknadar til NAV Hjelpemiddelsentral ved behov for langvarig bruk av hjelpemiddel, deltek på utprøving, gir opplæring og formidlar tekniske hjelpemiddel.  Dei er også ansvarleg for utlån av hjelpemiddel ved kortare behov.

Sjå her for meir informasjon om hjelpemiddel.


Korleis kan du kontakte fysioterapeut?

Askvoll fysioterapi har kontor i 2. etasje på Kiwibygget i Askvoll sentrum.

Adresse:

Askvollvegen 409
6980 Askvoll

Telefonnummer:

57 73 03 00

Kontortid:

Måndag - fredag kl. 08.00 - 15.00.