Kva er skulehelsetenesta?
Skulehelsetenesta er ei forlenging av helsestasjon 0-5 år, og skal bidra til god helse blant barn og ungdom, slik at dei opplev meistring, trivsel og struktur i skulekvardagen.
Alle elevar i grunnskule og vidaregåande skule har rett på skulehelseteneste. Skulehelsetenesta i Askvoll kommune omfattar elevar i grunnskulen frå 1.-10. klasse.
Tilbodet er gratis og dei tilsette har teieplikt.
Skulehelsetenesta i Askvoll fylgjer nasjonale retningslinjer frå Helsedirektoratet og har faste helseundersøkingar og samtaler, samt vaksinetidspunkt:
- 1. trinn: Deltar på foreldremøte. Skulestartundersøking
- 2. trinn: Vaksinasjon: Difteri-tetanus-kikhoste, poliomyelitt (DTP-IPV)
- 3. trinn: Undervisningsopplegg og tilbod om høgde/vekt
- 5. trinn: Pubertetsundervisning
- 6. trinn: Vaksinasjon mot meslingar, kusma og raude hundar (MMR) Undervisningsopplegg i samarbeid med NOK. Sogn og fjordane.
- 7. trinn: Vaksinasjon: Humant papillomavirus (HPV), 2 doser
- 8. trinn: Deltar på foreldremøte. Undervisning samt helsesamtale med tilbod om høgde og vekt.
- 9. trinn: Tilbod om seksualundervisning på helsestasjonen / helsestasjon for ungdom
- 10. trinn: Vaksinasjon: Difteri-tetanus-kikhoste, poliomyelitt (DTP-IPV)
I tillegg kjem helseundersøkingar, samtalar, oppfølging etter behov. Eleven sjølv, føresette og tilsette ved skulen kan ta kontakt med helsesjukepleiar.
På førespurnad kan helsesjukepleiar bidra med undervisning klassevis, i grupper eller individuelt innan tema som psykisk helse, søvn, kosthald, fysisk aktivitet, pubertet, kropp og seksuell helse, tobakk, alkohol og andre rusmiddel, vald og overgrep.
Helsesjukepleiar har fast kontortid ved den enkelte skule i kommunen:
Askvoll skule
Helsesjukepleiar Caroline Moen
Mobil: 476 93 636
E-Post: caroline. moen@askvoll.kommune.no
Mandag, onsdag og fredag kl. 08.00 - 15.00
Gjelsvik skule
Helsesjukepleiar Caroline Moen
Mobil: 476 93 636
e-post: caroline.moen@askvoll.kommune.no
Torsdag kl 09.00 - 13.00
Atløy skule
Sjukepleiar Malin F Haaland
Mobil: 481 07 740
e-post: malin.fristad.haaland@askvoll.kommune.no
Torsdag: 08.30 - 12.30
Holmedal skule
Sjukepleiar Malin F Haaland
Mobil: 481 07 740
e-post: malin.fristad.haaland@askvoll.kommune.no
Tysdag: 08.30 - 12.30
Bulandet skule
Helsesjukepleiar Siv Storøy
Mobil: 916 37 705
E-post: siv.storoy@askvoll.kommune.no
Tysdagar kl. 08.00 - 12.30 (partalsveker)

- Helsestasjonstenesta plikter å føre journal med helseopplysningar
- Alle vaksinasjonar av skulebarn blir registrert i det nasjonale vaksineregisteret SYSVAK
- Føresette har som hovudregel rett til innsyn i samtlege opplysningar som omhandlar barnet fram til 12 års alder
Nyttige videoklipp og nettsider
- Kort fortalt, ein serie på NRK for barn og ungdom med korte filmer om følelser, psykisk helse og typiske utfordringar.
- Det heter ikke å snitche", ein liten YouTube-film frå Politiet til barn og ungdom om snitching
- Ung.no, kvalitetssikra informasjon til ungdom om alt dei lurar på
- Politiet sin hjelpeside for barn og unge som har blitt utsatt for seksuell utnyttelse på nett
Spel og sjølvhjelpsprogram
- Hjelpehånda, eit spel der barn og unge kan lære om teknikkar for å meistre vanlege problem og situasjonar dei kan oppleve
- UngSpotlight: eit sjølvhjelpsverktøy for ungdom med prestasjonsangst. Treningsprogrammet går over 6 veker der ein lærer teknikkar for korleis meistre frykt eller ubehag for å snakke foran framande, forsamlingar eller klassen.