Foreldrerettleiing

Å vere foreldre kan ofte kjennast som både verdas mest givande, men og vanskelegaste jobb. Barnet ditt blir ikkje fødd med bruksanvisning, og det kan vere vanskeleg å vite korleis ein skal handtere ulike situasjonar. 

Kanskje barnet ditt lett blir sint, redd, har vanskar med søvn eller matinntak?

Helsestasjonen tilbyr foreldrerettleiingsprogram som Tuning in to kids/teens og Cos-P/ «Vær med meg - følelsestrening».

Tuning in to Kids og Tuning in to Teens 

Begge program fokuserer på den emosjonelle kontakten mellom foreldre og barn ved å hjelpe foreldre å blir meir bevisste og i stand til å handtere sine eigne kjensler.  I tillegg oppnår foreldre også nye ferdigheiter ved hjelp av ein emosjonsrettleiande foreldrestil.

Gjennom Tuning in to Kids vil foreldre lære å bruke ferdigheiter innanfor emsjonsveiledning og dermed bli meir bevisste alle kjensler barna deia opplever, også dei av låg intensitet.  Dei vil lære å hjelpe barna med å uttrykke seg, regulere eige kjensler og oppnå auka emosjonell kompentanse.  Kurset går over 6-8 møter x 2 kvar gong.

Informasjon frå Bufdir

 

COS-P


COS P er eit rettleiingsprogram for alle foreldre med barn i alderen 4 månader til 6 år der måler er å styrke foreldre sin mentaliseringskapasitet og fremme trygg tilknytting i barnet. Kurset går over 8 møter x 2 timar kvar gong.^

Informasjon frå Bufdir
 

Vær med meg følelsestrening
Dette er eit foreldrekurs med fokus på tilknytting og emsjonsfokusert samspel med tryggheitsirkeln (Circle of Security) som utgangspunkt.  Dette er eit kurs som hovedsakleg er retta mot småbarnsforelde (0-6 år) med fokus på det å vere gode nok forelde og på å auke føresette sin sensitivitet og nysgjerrigheit i samspel med barnet. Kurset går over 3 møter à 3 timar.

Tema i kurset:
Barnet sitt behov for støtte til utforsking frå sin trygge base
Barnet sitt behov for omsorg, beskyttelse og nærheit frå si trygge hamn
Barnet sitt behov for regulering av førelser
Ulike emosjonelle/følelsesmessige foreldrestilar
Barnet sitt veiledande og villeiande signal, “haimusikk” og foreldre sin trygghetssirkel

Det er ikkje sett opp gruppetilbod, men ta konakt med helsesjukepleiar eller jordmor ved itneresse og evt ønskje om individuell rettleiing.