Tenesta Digihelsestasjon

No kan du kontakte helsestasjonstenesta på helsenorge.no

Tenesta Digihelsestasjon er no tilgjengeleg i Askvoll kommune. Det betyr at innbyggjarane kan kommunisere med helsestasjon, skulehelsetenesta og svangerskapsomsorg via helsenorge.no. 

Kort fortalt

  • Gjennom HelseNorge kan brukarane av tenesta, på ein sikker og trygg måte:
  • Motta og sende meldingar på ein sikker måte til jordmor,  helsestasjon og skulehelsetenesta  
  • Få oversikt over avtaler og avbestille avtaler
  • Få varsel om planlagde avtaler på tekstmelding eller e-post
  • Få tilgang til relevant informasjon

Logg inn på Digihelsestasjon    

Bruk Helsenorge på vegne av dine barn

For å bruke Helsenorge på vegne av barn logger du først inn som deg sjølv. Deretter vel du kven du vil sjå opplysningane til eller utføre tenester på vegne av.

helsenorge.no kan du representere barn du har foreldreansvar for, og sjå deira helseopplysningar, med nokon begrensningar:

  • Dersom ein eller fleire av foreldra er folkeregistrert på same adresse som barnet, vil begge foreldre kunne representere barnet.
  • Dersom ingen av foreldrene er folkeregistrert på same adresse som barnet, vil ingen av dei kunne representere barnet.

Du kan bruke Helsenorge på vegne av barn under 12 år. Når barnet fyller 12 år vil innsynsretten for foreldre automatisk reduserast. Etter fylte 12 år kan du difor ikkje lenger sende melding på vegne av barnet. Du kan fortsatt sjå alle timeavtaler, med mindre avtalen er unntatt foreldreinnsyn.

Sjå Helsedirektoratets video «Kontakt din helsestasjon på nett»

 

Ungdommar over 16 år

 

Korleis komme i gang 

Du bruker DigiHelsestasjon ved å logge deg inn på helsenorge.no enten via nettleser eller appen, som du laster ned via App Store eller Google Play.

 

Lurer du på noko?

Meir informasjon om løysninga finn du på Helsenorge.no.