Førebuande opplæring for vaksne

Førebuande opplæring for vaksne (FOV) er eit tilbod for dei som treng førebuande opplæring (grunnskuleopplæring), er over 16 år gamle og har lovleg opphald i Noreg.

Askvoll vaksenopplæring tilbyr FOV for dei som har rett til slik opplæring og er busett i kommunen.

FOV-ordninga erstatta grunnskuleopplæring for vaksne frå 2024.

Kven har rett på FOV?

Du kan ha rett til FOV dersom du til dømes:

  • Ikkje har fått tilfredsstillande opplæring då du gjekk på skulen.
  • Treng opplæring i fag eller grunnleggande ferdigheiter som du ikkje fekk opplæring i då du gjekk på skulen.
  • Treng ny opplæring på grunn av skade eller sjukdom.

 

Les meir om rett til førebuande opplæring hos Utdanningsdirektoratet.

Merk at personar med rett til vidaregåande opplæring for vaksne ikkje har rett til førebuande opplæring for vaksne. Ta kontakt med Vestland fylkeskommune dersom du har spørsmål om vidaregåande opplæring for vaksne.

Ta kontakt med vaksenopplæringa dersom du lurer på om du har rett til førebuande opplæring for vaksne, eller om du har andre spørsmålet om tilbodet.

Søk førebuande opplæring for vaksne

Marius Tennøy Myklebust
Avdelingsleiar
Askvoll skule, vaksenopplæringa
E-post
Telefon 57 73 33 00
Mobil 48 12 52 72