Om skulefritidsordninga
Dersom det ikkje er skulefritidsordning ved den skulen barnet går, kan tilbodet nyttast ved ein annan skule.
SFO følgjer skuleåret. Alle som søkjer får plass. Tildelt plass gjeld for eitt skuleår om gongen.
Om søknaden
Du søkjer elektronisk om SFO-plass via Visma Flyt Skole. Søknadsfrist er 15. april
Søk plass i SFO
Du loggar inn via ID-porten (med MinID/BankID, Bypass, Commfides) eller via Feide.
Endring og oppseiing
Endring eller oppseiing av plass skjer også med innlogging via Visma Flyt Skole. Oppseiingsfristen er i utgangspunktet 1 månad, men ved oppseiinga av plass etter 1. mars, må du betale for plassen ut skuleåret.
Tilbod og betalingssatsar frå 01.08.2024
Ekstratimar: kr. 62,- pr time
Syskenmoderasjon: 30% moderasjon for 2. barn og 50% for 3. og fleire barn
Betaling er pr. månad i 10 månader i skuleåret. Betaling for sommar-, haust- og vinterferie kjem i tillegg. Endringar i timetalet i løpet av året må det søkjast om.
Det er tidlegare innført ei ordning med 12 timar gratis kjernetid pr veke for elevar i 1. og 2. klasse. Frå hausten 2024 gjeld denne ordninga også elevar i 3. klasse.
Har du låg inntekt kan du få lågare pris
Regjeringa er opptatt av å redusere foreldrebetalinga for familiar med låg inntekt. Ordninga sikrar at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt 6% av inntekta si til å betale for ein SFO-plass. I Askvoll betyr det at viss hushaldninga si inntekt er under kr 452.000 pr år vil du ha rett til redusert betaling i SFO.
Her kan du søkje om lågare foreldrebetaling for SFO
Vi handsamar søknader om lågare pris gjennom heile året, men hovudsøknadsfristen er 1. september.
- Får du søknaden om lågare pris godkjent gjeld den for eitt skuleår om gongen. Du må difor søkje på nytt kvart skuleår.
- Får du søknaden om lågare pris godkjent, gjeld den frå månaden etter du har sendt søknaden.
- Hushaldninga si inntekt må dokumenterast med siste Skattemelding.
Frå skuleåret 2020-2021 vart det innført gratis SFO for elevar på 5. - 7. trinn med særskilte behov.
Her kan du lese meir om redusert betaling i skulefritidsordninga.