Visma Flyt Skule

Vi brukar Visma Flyt Skule for å gjere kontakten mellom heim og skule enklare. Via nettside eller app kan du registrere fråvær, halde deg informert om timeplan, lekser og aktivitetar til barnet ditt. 

Føresette sin tilgang til Visma Flyt Skule

Som føresett kan du logge inn med ID-porten (BankID, MinID, Commfides eller Buypass).
 

Innlogging til Visma Flyt Skule 


Føresette brukar Visma Flyt Skule til
 

  • Sjekke at kontaktinformasjon og personinformasjon for elev og føresette er rett.
  • Gi samtykke.
  • Følge med på fråvær, merknader, vurderingar og karakterar.
  • Finne kontaktinformasjon til kontaktlærar.
  • Søke, seie opp eller endre SFO-plass.
  • Sjekke fakturagrunnlaget for SFO-plass.
  • Sjå kva faggrupper og faglærarar eleven har.


Min Skole - Foresatt
 

Visma har laga ein app for å gjere kommunikasjonen mellom heim og skule enklare.

Appen frå Visma heiter "Min skole - foresatt", og du finn den både på Google Play og i App Store. Appen har litt avgrensa funksjonalitet i høve til nettsida. Gjennom appen kan foreldre gjere følgande:
 

  • Melde skulen om elevfråvær. Gjeld ikkje permisjonar
  • Sende og motta andre meldingar til kontaklærar eller faglærarar til ditt barn


Ofte stilte spørsmål

 


Ta kontakt med skulen om du treng hjelp
 

Dersom du har problem med innlogging til Visma Flyt Skule, eller treng rettleiing på korleis du brukar Visma Flyt Skule, ta kontakt med skulen.

Kristen Holt
Kommunalsjef oppvekst
Oppvekstetaten
E-post
Telefon 57 73 07 21
Mobil 99 44 60 68