Opningstider
Bulandet barnehage er open 47 veker i året. Barnehagen er stengt i alle helgar og høgtidsdagar. Den daglege opningstida er 07.35 til 16.35.
Dagsrytme
Dagsrytme på avdelinga
07.35 Barneehagen opnar
07.45 Frukost fram til 08.15
08.30 Frileik/aktivitet/ vi går ut
11.00 Formiddagsmat
12.00 Frileik/aktivitet/soving
14.00 Frukt og knekkebrød
14.30 Frileik/aktivitet/ vi går ut
16.35 Barnehagen stenger
Alle tider er ca. tider, utanom opning- og stengetider. Vi går ut i frå denne dagsrytmen, men det finst mange variasjonar elt etter vertilhøve og korleis dagen elles utviklar seg.
Sommarbarnehage
I juli og august vil vi ha sommarbarnehage. Vi nyttar fine dagar ute, med vatnleik, turar, matpakke og masse frileik! Vi vil ikkje ha så mykje faste aktivitetar, vi vil blant anna ta pause frå gymsal desse månadene. Førskulebarna har plass i barnehagen til skulestart.
Levering og henting
Når du leverer eller hentar barnet, må du hugse å seie frå til ein i personalgruppa.
Gi beskjed til barnehagen dersom nokon andre enn foreldra skal hente barnet.
Måltid
Barnehagen serverer frukost, lunsj og frukt.
Matpengar
100% plass: kr 400,- pr mnd
80% plass: kr 320,- pr mnd
60% plass: kr 240,- pr mnd
40% plass: kr 160,- pr mnd
Ofte stilte spørsmål
- Dag 1: Foreldre er med barnet på avdeling i barnehagen. Første dag er barn og foreldre i nokre timar (3-4 timar).
- Dag 2: Foreldre og barnet/barna er litt lengre i barnehagen. Foreldre kan trekke seg litt ut av avdeling i periodar.
- Dag 3: Foreldre trekker seg i lengre periodar ut av avdeling. Barnet er med på aktivitet, måltid, søv (visst barnet skal sove), frukt.
- Dag 4 og 5: Foreldre leverer barnet/barna og reiser frå barnehagen.
Det kan vere stor skilnad på barn og kor lang tid dei brukar i tilvenningsperioden. Igjennom dei første dagane og eventuelt vekene vil foreldre i samarbeid med personalet avtale korleis prosessen skal vere frå dag til dag.
- Barnet må ha med to fulle klesskift som ligg i barnehagen til ein kvar tid.
- Ta med kle som passar til årstida (vår, sommar, haust og vinter)
- Barnet skal vere ute i all slags vèr og dermed må foreldre ha med utekle og skotøy etter vèret og årstid. Utekle og skotøy kan vere i barnehagen, slik at foreldre ikkje treng å ta det med heim kvar dag.
- Regnklede, vinterdress, sko og andre klesplagg bør ikkje vere for stort eller for lite. Dette kan gjere til at barn ikkje får bevega seg godt i uteaktivitetar.
- De kan kjøpe ein ekstra dag i barnehagen.
Pris: 210,- per dag
- Det er ein føresetnad at barnehagen har nok personal til kjøp av dag. Dette avtalar de med barnehagen.
Foreldre må ta med bleier til barnet. Personalet skal gi beskjed når barnet trenger meir påfyll av bleier.
Prisen for barnehageplass er avhengig over kor mange dagar barnet skal gå i barnehagen. Det ligg ei lenkje under med oversikt over prisar for barnehageplass.
(juli er betalingsfri månad)
Prisar for barnehageplass