Manntal og røysterett

Sjekk om du står i manntalet

Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ein kommune. For å kunna røysta må du stå innført i manntalet.

Manntal for stortingsvalet 2025 vert lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 10. juli - 5. september på rådhuset i Askvoll. 

Kven har røysterett ved stortingsvalet?

  • Norsk statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2025 og er, eller har vore registrert busett i Noreg
  • Norsk personale ved diplomatiske eller konsulatvesenet sine stasjonar i utlandet og husstanden deira har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.

Skal du flytte? 

Du kan førehandsstemme i kva kommune som helst, men skal du stemme på valdagen må du stemme i eit vallokale i kommunen du er manntallsført i.

Flytter du til ein annan kommune må du melde flytting til folkeregisteret innan 30. juni for å bli ført inn i manntalet i den nye kommunen. Flyttar du til ein annan kommune etter denne datoen står du i manntalet i kommunen du flyttar frå.

Klage på manntalet

Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan urett er blitt innført eller utelaten frå manntalet i kommunen, kan du krevja at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal vera skriftleg og grunngjeve. Send kravet på e-post til postmottak@askvoll.kommune.no

Helene Norstrand
Rådgjevar
E-post
Telefon 57 73 07 11
Sarah Louise Loftheim
Arkiv- og sekretariatsleiar
E-post
Telefon 57 73 07 06