Eit listeforslag må vere underskrive, og talet på underskrifter avheng av om partiet er registrert i partiregisteret og partiet si oppslutning ved førre stortingsval. Krava om tal underskrifter går fram av valgl. §6-3 (1).
Registerte parti:
Alle registrerte parti som fekk minst 500 røyster i eitt fylke, eller 5.000 røyster på landsbasis ved førre stortingsval, kan stille liste under forenkla reglar. Dei kan levere liste som er underskrive av 2 styremedlemmer i lokalavdelinga med ansvar for innlevering av listeframlegg i Askvoll kommune. Styremedlemmene som skriv under på listeframlegget må vere røysteføre i Askvoll kommune.
På Valdirektoratet sine nettsider ligg det ein oversikt over partiar som kan stille liste etter forenklet regelverk ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023.
Uregisterte parti:
Parti eller grupper som ikkje fyller krava til "forenkla model" må samle underskrifter for å få stille. Listeframlegget må ha så mange underskrifter at det utgjer 2 prosent av innbyggarane med røysterett ved førre kommunestyreval. I Askvoll kommune vil det då vere nødvendig med minst 48 underskrifter.
Underskriftene er underlagt teieplikt og skal ikkje bli offentleggjort (med unntak av tillitsvalde sine underskrifter), jf. valforskrifta § 13, vallova § 15-4 og forvaltningslova § 13 første ledd nr. 1.
OBS! Utskrift av listeframlegg
Underskrifter må stå på same ark som listeframlegget for å vere gyldig. Bruk difor tosidig utskrift når de skriv ut malen. Det er ikkje høve til å levere listeframlegget med underskrifter på to adskilte ark.