Alle som er busett i Askvoll kommune kan stille spørsmål til ordføraren, kommunestyret eller einskildmedlemmer i kommunestyret.
Når er det offentleg spørjetid?
Det er høve til å stille spørsmål før kvart kommunestyremøte. Spørjetida opnar ved det tidspunktet som er annonsert kommunestyret er kalla inn til, men før det formelle kommunestyremøtet vert sett. Tida for spørsmål vert avgrensa til 30 minuttar.
Sjå møteplanen for kommunestyret
Kva spørsmål kan eg stille?
Spørsmål må gjelde kommunale tilhøve og vere av allmenn interesse for kommunen sine innbyggjarar. Spørsmåla skal vere korte og det må normalt berre ta eitt minutt å stille dei, og inntil 2 minutt å svare. Utover dette kan du likevel få tid til inntil to korte oppfølgingsspørsmål.
Spørsmål om saker på sakslista til aktuelle møtet, vert avvist.
Må eg sende inn spørsmålet mitt i forkant av spørjetida?
For å sikre at du skal få eit tilfredsstillande svar i spørjetida, bør du sende spørsmåla til ordføraren med kopi til administrasjonen seinast 2 arbeidsdagar før møtet. Spørsmål som er framsett munnleg under møtet, og som ikkje kan svarast på på ein forsvarleg måte med ein gong, vert utsett til neste møte.
Reglement for offentleg spørjetid