Bindeledd til kommunen
Velforeiningane er bindeledd mellom krinsane og kommunen. Dei skal vere representative og politisk uavhengige. I Askvoll vert velforeiningane i stor grad brukt til som høyringsinstansar og samarbeidspartar.
Innspel frå bygdene gjennom velforeiningane har stor tyngde. Vedtektene til foreiningane skal godkjennast av kommunen, og det er ein kommunal representant i styret. Kommunen yter eit årleg driftstilskot til velforeiningane i Askvoll kommune etter årsmeldinga og årsmøtereferat er lagt fram.
Stor variasjon
Dei ulike velforeiningane arbeider med ulike saker og på ulike måtar. Oppgåvene og prioriteringane vil variere over tid.
I Holmedal, Bulandet, Førdefjorden og på Atløy har velforeiningane tradisjonelt arbeidd med overordna lokalpolitiske spørsmål, og delteke i bygdeutviklingsprosjekt.
Stongfjorden Vel har arbeidd mykje med kulturminnevern og industrihistoria i bygda og hatt mange underkomitear som har utført praktiske oppgåver.
Værlandet Vel har eigar- og driftsansvar for ro-gavlen "Makrelen" og "Engelbua" og var aktiv medspelar i naturbruksprosjektet.
Værlandet vel og Bulandet grendalag vart i 2013 slått saman til Bulandet og Værlandet grendalag.
Askvoll Vel er den nyaste velforeininga i kommunen og har til no markert seg som ein viktig høyringsinstans i mange saker.
Styra i velforeiningane har ein representant med vara frå kommunestyret. I oversikten under står kven som valt av kommunestyret til styret i velforeiningane i Askvoll kommune.
Kontaktinformasjon til dei einskilde velforeiningane, finn du i oversikten vår under frivillige lag og organisasjonar i Askvoll kommune.
Mangfald av frivilligheit
Mange av krinsane er samansett av fleire bygdelag. Det er ei rekke bygde- og grendalag i tillegg til velforeinignane med høg aktivitet og stort engasjement. Under lag og organisasjonar finn du ein oversikt og meir informasjon om frivillige aktørar i kommunen.